• hotel28

#1 Fugl Fønix Øl! - eit Nano pubbryggeri


Bakgrunnen for PubBryggeriet " Fugl Fønix Øl!" starta med Sean Looney som jobbet hos oss for ein del år siden. Han hadde ei stor ølinteresse og starta med å bygge opp ei respektabel ølhylle med 20-30 sorter som blei bytta ut frekvent. Sean driv idag sin eigen ølbutikk Micro Beers i London og har stadig kontakt med Fugl Fønix Hotel. Me anbefaler på det sterkaste at du tar turen innom han "when in London".


Startup!

Etter kvart blei eg sjøl (Audun Stene) involvert og tanken om å starte et pubbryggeri ble sådd. Eg gjorde litt undersøkelser og vipps så hadde me sendt inn søknad til kommunen og dei andre offentlege etatane for å kunne realisere draumen vår. Det tok eit stykke tid, og spesielt skatte og tollvesenet var ein långtekkelig prosess. Men boom, ein dag så var alt på plass for å kunne starte opp. Utstyr og råvarer blei kjøpt inn, og me gjekk totalt av skaftet som ungar på julaften når utstyret, maltsekkar og gjær kom i hus!


Batch #1 Hoppy Weizz

Me hadde jo aldri brygga øl før så ekspertisen kom i første omgong frå Bergen med Yngve Thomassen Flognfeldt, tidlegare arkeolog , og nå daglig leiar i Gulating Bergen, ein fantastisk ølbutikk. Yngve hadde då mange års erfaring som hobbybryggar og sterk ølinteresse! Den første oppskrifta var ein Hoppy Weizz som blei fantastisk. Etter kvart har me også hatt hjelp av erfarne Tore Tverå frå Ølen som har brygga i eit kvart århundre! Me har ellers fått gode innspel frå fleire i nettverket vårt med ølinteresse.


Etter kvart har André Vallestad tatt over rolla som bryggerimester. André har solid kokkefagleg bakgrunn som kjem godt med i brygginga. Han har også oppgåva med å pare mat og øl i menyen vår, og gjerne i sjølve maten. I tillegg bruker me malten til å lage knekkebrød til frukosten vår. Det kan ikkje bli meir lokalt enn det!


Speidel 50 liter

Utstyret vårt er så nano som det kan bli i eit pubbryggeri. Me brygger batchar på 50 liter per idag. Tanken er å utvide litt etter kvart når me har fått på plass meir utstyr og fått meir erfaring. Det neste som står på tapetet er ny ølprofil, nytt tappeutstyr med 8 tappekranar og fleire profileringstiltak i saman med Torgeir Hjetland frå Workinprogress.


Stikk innom oss for ein smak av lokalt Fugl Fønix Øl!


73 views
Find us

Etnesjøen, Etne, Norway

Call us to book

+ 47 53 77 14 40

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Pinterest - Black Circle
  • Instagram - Black Circle
Group conditions

download