• hotel28

#2 Fugl Fønix Øl! - Ny profilering


Etter ca 25-30 batchar med øl i Nano-pub-bryggeriet vårt er var det på tide å ta steget ut til eigen ølprofil. Etter litt resonnering kom me fram til Fugl Fønix øl!

Me har endelig fått egne Fønix Ølglass. Me gjorde mykje research for å finne nokon som kunne produsere mindre enn 500 glas! Til slutt fant me eit lite selskap i USA som kunne sende oss i underkant av 100 glas til å starte med, uten å bruke et kinesisk statsbudsjett. På glaset ser de logoen til ølet vårt.


Elektrisk Svijern med logo (levert av Foldal Stempel) er sterkt undervurdert! Man kan for eksempel svi inn logo på trefjøler eller skinn. Under her har me brennmerket coastere i kork frå England. Me fekk levert ca 1000 coastere i kork, så det tar litt tid å brennmerke alle. Husk å skru av brannalarmen eller helst ta det ute! Me synes ild, aske passer fint med Fugl Fønix - i denne omgang i form av "svimerking".


Nytt 8 tapps anlegg kjem på plass nå i løpet av februar og mars kor me går over til meir profesjonelle øl linjer med Keykeg plastfat. Dette vil gi bedre kvalitet på ølet me produserer over tid. Stålfat er på veg ut og resirkulerbare plastfat tar gradvis over i bryggeribransjen. Me fekk laga toppane til "tappe hendlane" i heil aluminium med lokale spesialhåndverkarar Rafdal Våpen og Hausken Lydempar AS (som produserer.. ja, lyddemparar!! Eg laga ein liten video på vegen til Hausken for å vise graveringsprosessen.


Me har nummerert tårnene frå 1->8 og planlegger ølmeny utifrå det. Me vil varierere med kva bryggerier me har på tapp i tilleg til vårt eige øl. Kanskje me får til ein cider også. Opprinneleg hadde me tenkt dei meir kvite i teksten med eloksering av aluminiumet. Men dette ville tatt vinter og vår så det blei uten. Resultatet blei nesten gullaktig skrift som blei endå finare!!


Torgeir Hjetland frå Workinprogress er designar bak konseptet og holder til i Oslo. Torgeir har jobba med heile profilen til hotellet og gjort mange tiltak dei siste par årene. heile profilen er nå dokumentert og levert til eit par konkurransar. Me håper at Torgeir får oppmerksomhet for den jobben som er gjort med Fugl Fønix Hotel.



9 views
Find us

Etnesjøen, Etne, Norway

Call us to book

+ 47 53 77 14 40

  • Facebook - Black Circle
  • YouTube - Black Circle
  • Pinterest - Black Circle
  • Instagram - Black Circle
Group conditions

download