top of page

#3 Lokal Fest

Updated: Mar 2, 2019


LØRDAG 11 AUGUST kl 22.00

Me inviterer til Lokal Fest med 4 lokale artistar/band kl 22.00 og avslutter med DJ. Scenen blir i 1 etasje på Fugl Fønix Hotel kor me har installert 8 nye tappar til forskjellige lokale bryggeri. Etter alle banda er ferdige avslutter me med DJ Lundski. Billetter kjøpes her.


Lokalfest plakat

HELGE HAALAND HJELMTVEIT

« Ein gitar, eit stemmebånd og ein forkjærleik for amerikansk singer/songwriter-låtar -- det er Helge. Kven er så Helge, tenker du kanskje? Det får du møte opp og finne ut av. Kanskje du kan spør naboen? Kanskje naboen ikkje veit, og du bør ta med naboen i samme slengen. Det musikalske landskapet passar fint til øl, vin og sprit. Det er ikkje swing-musikk, men kanskje dugande til å rolegdans med naboen, kjærasten eller kven du føler for. Ta det som eit vorspiel. Ta det som ein uhøgtideleg seanse med mann, gitar og sang. Sing-a-longs og taktklapping kan tas på nachspielet. »


LUNDS TIVOLI

«Lund’s Tivoli» er eit temmeleg nytt bandprosjekt som snusar på litt forskjellige sjangarar, men

med ein musikalsk base i funk & soul landskap. Ei inspirasjonskilde som garantert vil komma fram under opptreden på Fønix er det legendariske funkbandet «The Meters». Ellers får ein og oppleve songinnslag i frå Gregory Porter og Novelle Vogue. Bandet består av Helge Haaland Hjelmtveit på vokal, Bjarne Valsvik på tangentar, Stig Morten Sørheim på bass, Geir M.Halleland på gitar og Vidar Lund på trommer.


LOCAL MIX

Local Mix er stolt av å være et coverband, utelukkende lokalt og Rock’n Roll. Slik har det alltid vært. Medlemmene har spelt samen siden dei var i tidlig 20-åra. På midten av 2000 tallet produserte ei utbrytergruppe av bandet en del egenkomponert musikk, men dette har heldigvis aldri vært utgitt.


OWLS TO ATHENS

Etter at den opprinnelige trioen blei forsterka med Geir Marius Halleland på gitar, har bandet gjennom eit rikare lydbilde fått eit meir avslappa forhold til sin tidlegare genre innan akustisk rock, og no fått eit sound som dreier meir i retning moderne pop-rock. Låtane er 100% eigenkomponert, og i løpet av hausten 2018 vil bandet gå i studio for å spela inn eit knippe av sine beste låtar. Ny i bandet, er Sølve Storm Opdal på bass. På trommer og vokal finn me Audun Stene, medan Jan Terje Rafdal frontar bandet på akustisk gitar og hovedvokal.


DJ LUNDSKI

"Med ein forkjærleik for groovebasert musikk sørger Dj Lundski for å få sving på dansegolvet, foten og spekeskinka anten det er snakk om ein roleg onsdagskveld, eller full pupp på ein laurdagskveld".

DJ Lundski svingar glatt innom andre sjangrar som reggae, hiphop, house, rock, 80’s classics, disco, gypsy, latino, jazz og pop



101 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page