top of page
Writer's picturehotel28

#4 Fugl Fønix Fest

Updated: Jan 24, 2022

Fugl Fønix Fest er ei feiring av Fugl Fønix Hotel sitt 20 - årsjubileum. Men ambisjonen er å "sette fyr" på Etne med ein årleg gjenføding av bygda vår! Me har ikkje heilt funne ut kva me skal sette fyr på endå, men noko blir det.. me vil også løfte fram Nepane som naturattraksjonene me meiner er i verdensklasse. Lasse Grindheim og Svein Egil Økland er guider og sørger for opplegget rundt dette. Følg med på programmet for meir info etter kvart om dette.


Vidar Lund /Make it Real er festivalsjef og jobber tett saman med Fugl Fønix Hotel om å lage denne nye musikkfestivalen i Etnebygda. Vidar har tung erfaring innan events og driv fleire festivalar og marknader igjennom året.




For å markere 20 år, sparker me liv med Fugl Fønix Fest i bakgården på hotellet, kor me har hatt festivalar og arrangement med stor suksess tidlegare. Området er lite og intimt, og passer perfekt for konsertar. Det meste av artistar er allereie på plass, toppa med Admiral P som hovedtrekkplaster. Me vil sleppe meir info om kvar artist i tida fram mot festivalen.

 ​

Egen festivalside www.fuglfonixfest.com


Me har lagt opp egen nettside for å skille litt kva som skjer på Fugl Fønix Festival. Linker til billettsalget er også på denne sida.


Marknad og lokale musikkinnslag

Me inviterer til ein eksklusivt marknad på laurdagen på Torget i Etne, like ved hotellet. Her kjem det ca 20 utstillarar av høg kvalitet, fordelt på streetfood & lokale råvarer, bakevarer, bodyart & piercing, kunst, kosmetikk, velvære, klede, og mykje anna. På dagtid kan du og oppleve lokale artistar frå vår miniscene. Det blir også aktiviteter retta mot born og unge.





176 views0 comments

Commentaires


bottom of page